Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Radiologisk avdeling, seksjon Førde har ledig faste stillingar som LIS3 radiologi. Tilsetting snarast/etter avtale. 

Radiologisk avdeling har tre seksjonar: Førde, Lærdal og Nordfjordeid. 

Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi knytt til BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi gjennomfører om lag 70 000 undersøkingar og behandlingar årleg. Avdelinga har 70 tilsette, og av desse er om lag 20 legar. 

LIS inngår i 6-delt vakt med overlege i bakvakt. Noverande arbeidsplan har avspaseringsveke kvar 6. veke.

Knytt til utdanninga er det samarbeid mellom sjukehusa i Helse Vest, slik at ein gjennom tenestetid i Helse Bergen vil oppnå alle læringsmål. Nytilsette, utan tidlegare erfaring frå radiologi, vil gå gjennom introduksjonsperiode der det er tett oppfølging frå overlegar. Her kan du sjå ein av våre flinke LIS fortelje litt om kvifor ho valde nettopp radiologi: https://yngreleger.no/artikkel/min-spesialitet-radiologi

Føretaket vil tilsetje dei best kvalifiserte søkjarane, og har eit mål om langsiktig rekruttering.

Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte. Les meir om Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og pasientbehandling
  • Generell radiologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, fortrinnsvis med godkjend gjennomført turnusteneste (LIS1)
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rekrutteringstillegg
  • Hjelp med bustad
  • Godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
  • IA- bedrift (inkluderande arbeidslivsbedrift) 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Børge Stavland
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 393
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen