Nevrologisk seksjon, Førde sentralsjukehus har ledig to 6 månaders vikariat som LIS 3 i nevrologi, moglegheit for forlengelse.
Oppstart stilling 01.03.2025 eller etter nærare avtale.
Nevrologisk seksjon er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering; ANRR.
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus for deler av spesialiseringsforløpet.
Vi har fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø, spesielt med tanke på samarbeid mellom kollegaer, andre yrkesgrupper i seksjonen, samt med andre avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Vi ser fram til å motta søknad frå deg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.