Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil DU bli med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi!

Avdeling for ortopedi SNR har ledig 100% fast stilling og vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi. Tilsetting frå snarast, eller etter nærmere avtale med seksjonsleiar -  Oppstart ved Molde sjukehus eller Kristiansund sjukehus, deretter overflytting til SNR Hjelset i løpet av april 2025. 

Avdelinga har drift både i Kristiansund og Molde. Frå  april 2025 jobber vi saman i det toppmoderne sjukehuset på Hjelset og avansert dagkirurgi i Kristiansund. 
Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline. I vår seksjon er det utstrakt forskingsmiljø, og det vil være gode mogelegheiter for forsking for dei som ønskjer dette. 
I SNR er det totalt 14 overlegar (2 førsteamanuensis, 6 PhD`ar), 8 LIS2/3, samt seksjonerte LIS1. 
I avdeling for ortopedi har vi sengepostar, dagkirurgi eining og poliklinikkar. Vi har også ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma. Ved SNR Kristiansund  vil det bli primært dagkirurgi, medan vaktlinjer blir ved SNR Hjelset. Det vil bli utstrakt ortopedisk virksomhet ved SNR Hjelset med protesekirurgi, håndkirurgi, fotkirurgi, ryggkirurgi, artroskopier og traumekirurgi

Er dette noko for deg, er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat! 

Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid
  • Operasjon
  • Poliklinikk
  • Visitt
  • Deltaking i undervisning og kvalitetsforbedringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført og godkjent LIS1 teneste eller turnusteneste etter gamal ordning
  • Relevante tilleggskvalifikasjoner vektleggast
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg 
  • Dersom det ikkje vert aktuelle søkarar til LIS-stillinga, vil vi vurdere å tilsette autorisert lege som ventar på LIS1-stilling. Medisinstudentar med lisens kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Du liker varierte utfordringar
  • Du har interesse for ortopedi og forskning
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)
  • Har god arbeidskapasitet, og liker å ta i et tak

Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Gode forskningsmuligheter

For informasjon om Molde og Kristiansund - sjå her

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Marianne Folkestad
Tittel: Seksjonsleiar lege
Telefon: +47 71120000
E-post: Marianne.Folkestad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
AVDELING FOR ORTOPEDI, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2
6450 Hjelset
Søk på stillingen