Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Som avdelingsleiar vil du få eit heilskapleg resultatansvar på nivå 3 for fag og kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid. Du vil rapportere til klinikkdirektøren og vere ein del av leiargruppa i klinikken.

Vi ser etter deg som er initiativrik og har evne til å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du inspirerer andre gjennom entusiasme og bidrar til å utvikle ein kultur for forbetring. Gjennom ditt leiarskap motiverer du til kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.

Avdelinga du skal leie omfattar poliklinisk verksemd, dagkirurgiske operasjonar og 2 senger for inneliggande pasientar, lokalisert ved ortopedisk avdeling. Her jobbar det blant anna legar i spesialisering (LIS), overlegar, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, audiografar, sekretærar og assistentar.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for personell, økonomi og fagutvikling i avdelinga
  • Videreutvikle samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt 
  • Kontinuerlig og systematisk kvalitetsforbedring og videreutvikling av forbetringskultur
  • Sikre at tenesta oppfyller nasjonale og lokale krav og retningslinjer
  • Planlegge og legge til rette for at avdelinga blir drifta faglig godt og effektivt
  • Bidra til at avdelinga støttar opp under Helse Fonna sine overordna mål
  • Utarbeide og gjennomføre strategiske planer for avdelingen i tråd med overordnede føringar og innanfor rammene.

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule.
  • Fagleg kompetanse og erfaring innan fagområdet blir vektlagt. 
  • Erfaring med økonomistyring
  • Grunnleggjande IKT kompetanse. Kunne nyttiggjøre seg av føretakets styrings og rapporteringsverktøy
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing
  • Leiarerfaring ønskeleg, men kan fråvikast om søkjar er villig til å ta leiarutdanning i samråd med klinikkdirektør

Personlege eigenskapar

  • Er tydeleg, set mål og fylgjer opp at resultat blir skapt
  • Omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode evner til samarbeid og relasjonsbygging
  • Kan leia kompetente medarbeidarar slik at de får og tek ansvar
  • Involvere og tek initiativ til samarbeid med tillitsvalde og verneombud
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God til å kommunisera og formidla mål, forventningar og retningslinjer på ein klar og tydelig måte som sikrar effektiv informasjonsutveksling
  • God problemløser som jobbar godt under press, evner til å tenkja raskt å ta avgjerder og finna løysningar
  • Evne til å fremja utvikling og skapa kultur for kontinuerlig forbetring

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Lønn etter avtale
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Kjersti Tollaksen
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: +47 48 22 21 46
E-post: kjersti.tollaksen@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Øre-nese-hals avdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen