Vi har ledig fast 100 % stilling for spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar!
Seksjonen har 8 normerte stillingar, fordelt på 5 overlegar og 3 LIS. Vi søkjer ein allsidig spesialist innan feltet. Fødeavdelinga har om lag 450-500 fødslar i året, med låg- til moderat-risiko fødslar. Vi utfører ikkje kreftoperasjonar, men tek oss av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vaktene er 6-delte, med heimevakt om natta.
Både seksjonen og sjukehuset elles har eit godt arbeidsmiljø, er veldrivne og godt utstyrte. Vi har barnelege til stades 2-3 dagar i veka, men ingen barneavdeling.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.