Seksjonen for anestesilegar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) søkjer ein fagleg engasjert og positiv lege med gode samarbeidsevner til stilling som lege i spesialisering (LIS) i anestesiologi.
Anestesi- og intensivavdelinga ved Molde sjukehus har eit variert utval av moderne anestesimetodar og eit godt oppdatert utstyrspark. Årleg vert det utført om lag 4500 anestesiar fordelt på blautdelskirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, ØNH, tann/kjeve og auge. Avdelinga yter også anestesitenester til radiologisk avdeling, medisinsk avdeling og psykiatrisk avdeling.
Vi har ei kombinert postoperativ og generell intensivavdeling med totalt 19 senger fordelt på recovery, tung overvaking og intensiv. Her tilbyr vi eit fullverdig intensivmedisinsk tilbod som inkluderer invasiv ventilasjon, avansert hemodynamisk overvaking og kontinuerleg nyreerstattande behandling.
Vaktsystemet er todelt, der legar i spesialisering går i ein 6-delt tilstadevakt saman med overlegar som har 6-delt bakvaktsordning. Ved behov kan teneste på andre sjukehus i helseføretaket bli aktuelt for å sikre oppnåing av kompetansemål i spesialiseringa.
Frå april 2025 flyttar vi inn i eit heilt nytt sjukehus, noko som vil gje oss fleire spennande moglegheiter og forbetringar. Primærvaktlaget vil bli utvida til ein 7-delt ordning, og bakvaktane vil gå over til tilstadevakt. Det aukande pasientgrunnlaget vil føre til meir operasjonsaktivitet, auka intensivkapasitet og eit breiare behandlingstilbod.
Molde er kjent som rosene, jazzens og kulturens by og er eit eldorado for friluftsliv med fjell, fjord, alpint, klatring, golf, segling og padling. Byen er familievennleg med nærleik til skular, barnehagar og fritidstilbod, og har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. I tillegg kan byen freiste med ny sjøfront og eit variert tilbod av kaféar og spisestader.
Vi tilbyr eit vikariat i 100 % stilling som LIS i anestesiologi og ser fram til å ønskje deg velkomen til vårt team.