Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du ein engasjert hudlege som brenn for faget og ønsker å vere med på å forme framtidas helsetenester for pasientar med hud- og veneriske sjukdommar?

Då er det nettopp DEG vi ønsker på laget!

Ved Hud poliklinikk i Kristiansund får du høve til å jobbe i eit framtidsretta miljø som stadig utviklar seg. Seksjonen er godkjent som utdanningsinstitusjon innan dermatologi, og vi har eit breitt spekter av tenester innan generell dermatologi, lysbehandling og mindre kirurgiske inngrep.

Det nye felles akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vil det vidare vere eit breitt spesialisthelsetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Denne stillinga er lokalisert i Kristiansund. 

Vi ser etter ein overlege som ønsker ein variert og utfordrande kvardag i eit spennande fagfelt, og som vil vere med å utvikle hud- og venerologifaget saman med dedikerte kollegaer.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av ulike hudsjukdommar.
  • Interne tilsyn ved Kristiansund og Molde sjukehus.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Godkjend spesialitet innan hud- og veneriske sjukdommar.
  • Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og pasientorientert.
  • Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig.
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar.

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Linn Kristin Svanemsli
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71122322
E-post: linn.kristin.svanemsli@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
MEDISINSK POLIKLINIKK OG HUDPOLIKLINIKK KRISTIANSUND, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund