Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig to årsvikariat som LIS2/3 i generell kirurgi, eventuell moglegheit med forlenging.
Kirurgisk avdeling ved FSS er ei aktiv avdeling med følgjande spesialitetar: Urologi, gastroenterologisk kirurgi, generell kirurgi, plastikkirurgi, bryst- og thyreoideakirurgi.
Det er tre stillingar for urolog, fem for gastrokirurg/mamma- og thyreoideakirurg og to for plastikkirurg. Det er sju stillingar for LIS2/3 med 7-delt tilstadesvakt bak LIS1 med overlege i tertiærvakt.
Avdelinga har godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom alle legar både over- og underordna og med pleiepersonalet. Kirurgisk sengepost har 17 sengeplassar
Avdelingssjef er næraste overordna.
Meir informasjon om Helse Førde finn du her.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.