Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?
Hos oss vil du bli ein del av eit levande og tverrfagleg behandlingsmiljø, der vi saman jobbar for å tilby eit breitt spekter av behandlingstilbod. Folgefonn DPS har lokasjonar på Valen og i Odda, og vi gir eit bredt behandlingstilbod innan rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, gruppepoliklinikk, FACT samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern. Vi har eit godt og breitt tverrfagleg behandlingsmiljø med 4 overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, 2 LIS legar/ ALIS og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning.
Folgefonn DPS sitt opptaksområde er kommunane kvinnherad og Ullensvang. Befolkningsgrunnlaget er omlag 20 000 vaksne innbyggjarar.
Ein spennande periode for utvikling
Vi er inne i ei spennande tid der vi vidareutviklar behandlingstilboda våre, både poliklinisk og innan døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling på Allmennpsykiatrisk poliklinikk – ein unik sjanse til å bli ein del av ei fagleg satsing og bidra til fagutviklinga.
Er dette noko for deg?
Vi ser fram til å bli kjent med deg, og intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.