Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Bli ein del av det engasjerte teamet vårt ved Kronstad DPS – Vi søker tre spesialistar i psykiatri/overlege til poliklinikk 1 og 2

Er du på utkikk etter ei moglegheit til å gjere ein forskjell i livet til menneske gjennom spesialiseringa di i psykiatri? Ved Kronstad DPS har vi tre ledige stillingar for dedikerte og fagleg engasjerte spesialistar i psykiatri/overlege som er klar for å bidra til visjonen vår om å tilby psykiatrisk behandling av høgaste kvalitet ved våre allmennpoliklinikkar. To av stillingane er plasserte i Allmennpoliklinikk 2, ein er plassert i Allmennpoliklinikk 1. Ta gjerne kontakt med oss om du vil vite meir om kva stillingane hos oss inneber. Du finn kontaktinformasjon lenger nede på sida.

Om oss:
Kronstad DPS har eit godt og støttande arbeidsmiljø. Vi verdset samarbeid og fagleg utvikling høgt og trur på verdien av tverrfagleg samarbeid for å tilby pasientane våre den beste behandlinga som er tilgjengeleg. Vi har ønske om å innføre nye og innovative behandlingsmetodar, og vi gir deg moglegheit til å vere leiande innan psykisk helsearbeid. I den samanhengen jobbar vi no blant anna med å etablere eit tilbud om ketaminbehandling til pasienter som ikkje har hatt nytte av anna behandling for depresjon. Vi jobbar og med å etablera eit pasientforløp for pasienter med alvorlege affektive lidingar.  Poliklinikkane har felles internundervisning, og det er faste legemøte kvar veke.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar som har rett til prioritert helsehjelp
  • Aktiv deltaking i det tverrfaglege teamet vårt
  • Engasjement i og utvikling av nye behandlingstilbod
  • Mogleg deltaking i spissa fagteam, tidleg avklaringsteam eller inntaksteam vil avklarast i dialog med den enkelte søkar
  • Rettleiing av LIS- legar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri eller snart godkjend spesialist
  • Erfaring frå poliklinikk og allmennpsykiatrisk verksemd er ein klar fordel
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Vere fleksibel og personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi er stolte av det vennlege og støttande teamet vårt, der alle bidrar til eit miljø prega av entusiasme og respekt
  • Fagleg utvikling: Vi søkar å legge til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving. Vi arrangerar jamnleg eigne fagdagar. Vi har internundervisning innan relevante og aktuelle tema
  • Innovasjon i behandling: Vi er opptatt av å vere i front når det gjeld å utforske og implementere nye behandlingsmetodar, og oppmuntrar medarbeidarane våre til å bidra med idear og kunnskap
  • Tverrfagleg samarbeid: Vi trur på styrken av teamarbeid og tilbyr ei tverrfagleg tilnærming der psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, og andre fagpersonar arbeider side om side for å sikre den beste behandlinga for pasientane våre
  • Ved Kronstad DPS har vi eige nevroteam, spiseteam, FACT allmennteam, og vi søkar å bygge opp eit forløp for affektive pasientar
  • Det er søkt om midlar til et behandlingsprosjekt med ketamin for deprimerte pasientar som ikkje har hatt nytte av annan behandling. Søknaden er innvilga, og prosjektet er no i ein oppstartsfase
  • Gjennom prosjektet "Ny Poliklinisk Hverdag" har vi sett igang ein prosess for å sikre ein betre og tydelegare struktur i kvardagen for den einskilde medarbeidar, samtidig som det skal legge til rette for godt samarbeid mellom spesialister og ikkje-spesialistar
  • Lønn og oppstart etter avtale

 

Slik søker du:
Er du den engasjerte og fagleg dedikerte psykiatrispesialisten vi ser etter? Send oss søknaden din og CV via Webcruiter. Vi ser fram til å høyre frå deg og kanskje ønske deg velkommen til teamet vårt!

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Per Birkhaug
Tittel: Konst. seksjonsleiar Allmennpoliklinikk 1
Telefon: 92411715
E-post: per.birkhaug@helse-bergen.no
Navn: Helene Charlotte Sande Trønnes
Tittel: Seksjonsleiar Allmennpoliklinikk 2
Telefon: 45615915
E-post: helene.charlotte.sande.tronnes@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen