Vi på seksjon gynekologiske legar ved Ålesund sjukehus, har ledig vikariat i 12 månedar for overlege innan kvinnesjukdommar og fødselshjelp!
Vikariatet er med mogelegheit for forlenging, og oppstart frå snarast/etter avtale.
Vi har omtrent 1 200 fødslar per år. Vi har 11 spesialistar og 10 legar i spesialisering. Ein av overlegane og ein LIS har PhD og enda ein overlege jobbar med sin PhD.
Avdeling for Kvinnesjukdommar, barnemedisin og habilitering er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette gir lærerike og interessante arbeidsdagar. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidshverdag.
Personlege egenskaper blir vektlagd ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!