Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering innan barnesjukdommar ved Barne- og ungdomsavdelinga, Ålesund frå 01.03.-31-08.25, med mogelegheit for forlenging.

Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide med barn eller har lyst til å auke kompetansen din innan barne- og ungdomsmedisin? Nå har du mogelegheita til bli kjent med barnemedisinen i trygge omgjevnader i vår flotte avdeling!

Vi har høgt fokus på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. LIS deltek på kurs etter plan og får også delta på nasjonale møter i barnemedisin. Vi er ei avdeling med mykje aktiv forsking og legg til rette for forsking ved sida av klinikk. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker - 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund, Molde og Kristiansund.

I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 9 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt. 

Du er velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning
  • Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fokus på god spesialistutdanning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Christine Vaksdal Nilsen
Tittel: Seksjonsleder (lege)
E-post: Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1
6017 Ålesund