Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Psykiatrisk klinikk er i ei spennande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland 2028/2029.
Avdeling spesialisert psykosebehandling er i dag lokalisert i på Sandvikenområdet, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 5 døgnseksjonar; Akutt psykose S3, S4 og S5, Kompleks rehabilitering (KRS) Tidleg psykose (TP). I tillegg har avdelinga ansvar for polikliniske tenester, derunder eit ambulerande UUP-team (utviklingsforstyrringar/utviklingshemming og psykoselidingar).
Avdeling spesialisert psykosebehandling har nå ledig ein fast overlegestilling.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av psykosepasientar i tverrfagleg team
- Vere fagleg ansvarleg for vedtak for pasientar på tvungen psykisk helsevern
- Vere pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling
- Rettleiing av legar i spesialisering
- Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap for alle yrkesgrupper
- Samarbeid med andre relevante avdelingar i og utanfor sjukehuset
- Delta i klinikkens bakvaktsordning
Kvalifikasjonar
- Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta og tverrfagleg arbeid i psykisk helsevern
- Erfaring frå klinisk arbeid med psykosepasientar
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Må beherske norsk eller et skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med akuttpsykiatrisk erfaring
Personlege eigenskapar
- Du skapar gode relasjonar og samhald
- Du er inkluderande og involverande
- Du tåler å stå i krevande situasjonar
- Du arbeider planmessig og strukturert
- Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet
Vi tilbyr
- Eit aktivt kompetanseutviklingsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.