Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du bli psykiater?

Brenn du for å gje gode tenester til pasientar med psykiske lidingar – så er me på jakt etter deg!

Me har eit spanande fagmiljø
som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og som verdset personleg
engasjement i faget.

Haugaland DPS tilbyr ein praksis som gir god breddekompetanse. Her vil du, gjennom spesialiseringsløp, vere del av eit fagmiljø som gir deg erfaring med tett samarbeid
med psykologar i vakt, samarbeidsflaten mellom psykisk helsevern og somatikk,
ambulant virksomhet m.m.

I Helse Fonna kan me tilby spesialiseringsløp som dekkjer alle praksiskrav for å bli spesialist i psykiatri, da både med henblikk på tenestesteder og rettleiing.                 

Lege i spesialisering ansattes i fast stilling gjennom heile utdanningsløpet, og går over til fast overlegestilling når spesialiseringa er fullført.

Fagmiljøet vårt er robust og innovativt. Fleire av våre
kollegaer har formell forskarkompetanse, og bidreg i utvikling av nye
behandlingstilbod. Me kan gje deg eit komplett spesialiseringsforløp lokalt. Spesialiseringsforløpet
har ein struktur med felles undervisning på tvers av sjukehus og DPS`er i Helse
Fonna, eit undervisningsopplegg som me har fått gode tilbakemeldingar på. Me har også ukentlig undervisning lokalt, tilpassa dei lokale læringsmåla og me er opptekne av å skape eit godt læringsmiljø.

Haugesund ligg sentralt plassert på Vestlandet med kort vei til vakre naturopplevelser på havet og i fjellet. Regionen er sterk på maritim virksomhet, og her finn du solide næringslivsaktører, gründere og store statlige instanser som Sjøfartsdirektoratet og Kystverket. Høyskulen på Vestlandet har to campus i vårt område, Haugesund og Stord. Me har kort vei til storbyene Bergen og Stavanger, og vår lokale flyplass har gode forbindelser med daglige avganger til inn- og utland.

Intervju kan gjennomføras fortløpande i utlysningsperioden.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver omfatter post og poliklinisk arbeid samt deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Være en god teamarbeida

Personlige eigenskapar vil bli vektlagd. 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Ingrid Camilla Aasbøe Heggland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 95767168
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Haugaland DPS
Floravegen 75
5535 HAUGESUND