Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ønsker du å bli del av vårt urologiske miljø?

Urologisk seksjon ved Kristiansund sjukehus, Helse Møre og Romsdal, har ledig fast stilling for urolog.

Du blir del av eit urologisk miljø som er velfungerande og held høgt fagleg nivå. Innanfor urologi opererar vi dagkirurgi, alle typar transuretral kirurgi og vi har fylkesfunksjon innanfor avansert steinbehandling. 

Vi er ein del av det kirurgiske miljøet i nordfylket og vil om 6 månedar samlokaliseras i det nye SNR som er under ferdigstillelse, det ligg mellom Molde og Kristiansund. Dette sjukehuset vil ha akutt-/traumefunksjon og fødefunksjonen i området. Urologisk seksjon ligger under kirurgisk avdeling som har ansvar for bløtdelskirurgien, inkl generell kirurgi, gastrokirurgisk og plastikkirurgisk seksjon.

Arbeidsoppgåver

  • Som overlege må du ta del i alle arbeidsoppgåvene i seksjonen, som poliklinikk, operasjonsaktivitet, sengepostarbeid og undervisning av utdanningskandidatane.
  • Deltakar i urologisk vaktordning måndag-fredag, etter innflytting på SNR planleggast seksjonert vakt i urologi heile veka.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i urologi i Norge
  • Kandidatar med kort tid igjen til ferdig spesialitet vil også vurderast.
  • Søkarar må beherske skandinavisk språk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsevner, fleksibilitet og fagleg tyngde vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Sidan arbeidsstedet vil flytte på seg om få månadar er vi åpne for diskusjon med tanke på bustad fram mot innflytting.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Bjørnar Solevåg
Tittel: Seksjonsleiar(lege)
E-post: per.bjornar.solevag@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen