Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Avdeling for patologi i Helse Førde søker ein engasjert overlege i patologi til vår legegruppe. 

Vi har breitt spekter av diagnostiske funksjonar innan histologi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Vårt tenestetilbod inkluderer Neste generasjons sekvensering for identifikasjon av relevante genetiske markørar for persontilpassa medisin. Avdelinga er framtidsretta, histologisk diagnostikk gjerast hovedsakleg digitalt på skjerm. Digitaliseringa gjer at vi enkelt kan dele kasus med kvarandre og med andre patologar i Helse Vest om vi treng det. Vi har daglege problemkasusmøter der vi viser utfordrande og interessante kasus med legar internt i avdeling og med samarbeidande avdeling i Helse Fonna. Digitalisering gjer at vi har muligheit for ein viss grad av heimekontor for medarbeidere med behov for dette. Det pågår prosjektarbeid for vidareutvikling av digitalisering, der vi snart skal teste bruk av kunstig intelligens. 

Årleg undersøker vi  omlag 11 000 histologiprøvar og 700 cytologiprøvar og 40 obduksjonar. Avdelinga har 2 LIS stillingar og 6 overlegeårsverk.For avdelinga og patologifaget kjem spennande utvikling framover. Vidare digitalisering, modernisering og kontinuerleg kvalitetsforbetring er i fokus.

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kyst og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekker seg frå kunst til konsertar.
På avdeling for patologi i Førde har vi eit sosialt og fint miljø, og vi er opptekne av trivsel både på jobb og fritida.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk av histologi og cytologpreparater etter
  • Obduksjonar med hovudvekt på supervisjon av virksomhet ved LIS
  • Generell supervisjon av LIS i samarbeid med resten av legegruppa
  • Delta i internundervisning av legar, bioingeniørar og anna helsepersonell
  • Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar og deltaking på MDT møter

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Spesialistgodkjenning i patologi
    • Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg

    LIS som er nær fullført spesialisering kan også søke.

    Personlege eigenskapar

    • Gode kommunikasjonsevner
    • Ansvarsbevisst
    • Strukturert og engasjert
    • Gode samarbeidsevner

    Vi tilbyr

    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
    • Rekrutteringstillegg
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
    • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
    • Fagleg og personleg utvikling
    • Dagtidstilling med moglegheit for individuelt tilpassa arbeidstid
    • Fjord, fjell og flott natur rett utanfor døra


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Førde HF
    Kontaktperson
    Navn: Tonje Bøyum Riste
    Tittel: Avdelingssjef
    Telefon: +47 91806787
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Avdeling for patologi, Helse Førde
    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde
    Søk på stillingen