Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Om stillinga
Vi har ledig 100% vikariat som kommunalt løna fastlege i Alver kommune for ALIS lege som skal ut i foreldrepermisjon frå januar 2025. Det kan være aktuelt med oppstart tidlegare. Vikariatet har varighet til 01.11.2025 med mogleg forlenging til 31.12.2025.

Vi søkjer deg som enten er spesialist i allmennmedisin, som ønskjer ALIS stilling eller deg som vil prøve deg som fastlege i ein periode.

Om Frekhaug legesenter
På Frekhaug legesenter er det seks fastlegeheimlar med kommunalt tilsette legar og ein LIS1 lege. Vi bruker vi Infodoc plenario journalsystem i arbeidet. Kontoret er lokalisert på Frekhaug og godt innreia. Vi har parkering i gåavstand frå bygget.

Åpningstid og arbeidstid ved Frekhaug legesenter er kl 08:00 - 15:30. Individuelt tilrettelagt arbeidstid kan avtalast ved behov. 

På Frekhaug legesenter er det tilsett fagleg dyktig hjelpepersonell i form av både helsesekretærar og ein sjukepleiar. Den eine helsesekretæren fungerer som driftskoordinator på kontoret og har ansvar for daglege driftsoppgåver.

Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt (NHLV).Det er også eit godt samarbeid mellom helsestasjonen, jordmortenesta og fastlegekontoret som er lokalisert i samme bygg.

Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid som fastlege, med ei godt ivaretatt fastlegeliste med 800 pasientar 
  • Veildning av LIS 1 legen rullerar mellom legane
  • Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld, helg og natt. Offentleg allmennmedisinsk legearbeid eller daglegevakt på Nordhordland legevakt kan være aktuelt i inntil 7,5 time pr veke.
Korleis er det å arbeide som kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune?
Som kommunalt tilsett fastlege har du 37,5 timars arbeidsveke. Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal kunne ha ein balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal være greit å gå heim frå jobb når arbeidsdager er slutt. Om du arbeidar ekstra får du opparbeidd fleksitid som du kan ta ut i fri seinare, eller evt. utbetalt overtid.

Dersom du blir sjukemeldt, eller får born som er sjuke har du rettar på lik linje med alle andre tilsette i kommunen. Det er vårt ansvar å få inn vikar for deg dersom du blir langvarig sjukemeldt. Ved kortere fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning.

Når det gjeld administrasjon av kontoret med hensyn til hjelpepersonell og utstyr, så ordnar vi det for deg. Vi treng sjølvsagt at du formidlar kva du treng og kva du ønskjer, men du skal sleppe å bruke mykje arbeidstid på dette.

ALIS - legar får lovpålagte og naudsynte kurs dekka av ALIS - tilskot. Fastlegar som er spesialistar og treng kurs/ vidareutdanning for å kunne jobbe som fastlege får dekka dette frå arbeidsgivar, i kobinasjon med søknad om midler frå fond II frå legeforeningen. Du får fri med lønn til lovpålagte/ naudsynte kurs. Du vil også ha rettar i forhold til permisjonsreglementet, på lik linje med andre tilsette i Alver kommune.

Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. I gjennomsnitt vil du ha to vakter der i månaden, og då får du betalt timesats for arbeidet du gjer der. Vi er opptatt av at du skal ha kviletid, og dersom du arbeider natt til måndag vil du kunne få fritak frå arbeidet på kontoret på måndagen utan at du mister noko lønn for dette. Vi har no tilsett legar som skal gå reine nattevakter ved Nordhordland legevakt som gjer at du vil få mindre vaktbelastning på natt enn før.

Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid eller daglegevakt ein dag i veka vil antalle pasienter på lista kunne reduserast i henhold til mindre arbeidstid som fastlege.
Ola Moen

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
Kven er du?
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet. 

Ta gjerne kontakt
Høyres dette freistande ut, men du er framleis litt usikker på om du skal søkje? Då vil vi anbefale deg å ta kontakt med enten avdelingsleiar Bente Bø Taule, eller tenesteleiar Tord Moltumyr (tord.moltumyr@alver.kommune.no). Dei svarer deg gjerne på spørsmål som du har om korleis det er å arbeide ved Frekhaug legesenter!

Vi tilbyr
  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstid: 37,5 timers veke
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Rettar i forhold til permisjonsreglement, sjuke barn eller eige sjukefråvær på lik linje med andre tilsette i Alver kommune
  • Dekka kurs/ naudsynt vidareutdanning for stilling som fastlege. Fri med lønn.
  • Veiledning under ALIS forløpet
  • Godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta.

Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Tord Moltumyr
Tittel: Tenesteleiar
E-post: tord.moltumyr@alver.kommune.no
Arbeidssted
Frekhaug legesenter
Kvernhusmyrane 25
5914 ISDALSTØ