Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Divisjon psykisk helsevern har ledige stillingar for lege i spesialisering i vaksenpsykiatri eller for legar i behov av sideutdanning.
Er du interessert i å spesialisere deg i vaksenpsykiatri? Ønsker du vaksenpsykiatri som sideutdanning i eit anna spesialistløp?
Vi lyser nå ut 3 faste stillingar og eit vikariat på 6 månader for LIS 3 i vaksenpsykiatri ved Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.
I vår divisjon satser vi på kontinuerleg utvikling av spesialistutdanninga, og at den skal halde høg kvalitet, i tråd med helsedirektoratets krav og samfunnets forventningar og behov. Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Vi kan tilby teneste ved mange ulike læringsarenaer, og LIS 3 får dekt alle utdanningskrav i vaksenpsykiatri.
Som LIS 3 i psykiatri hos oss vil du oppleve eit velorganisert og sømløyst utdanningsløp der det blir lagt til rette for at du skal få oppnådd alle læringsmål utan forseinkingar.
Dette ivaretas gjennom:
Alle LIS 3 blir tilsett på divisjonsnivå, i same seksjon. Seksjonen blir leia av seksjonsleiar i 100% stilling, og har også utdanningsansvarleg overlege i 50% stilling. Det er til saman 32 LIS 3 stillingar.
Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både barn og vaksne er ein del av vår målgruppe.
Læringsarenaene for spesialiteten vaksenpsykiatri er ved både sjukehusavdelingar og Distriktspsykiatriske sentre (DPS) i Bergensområdet. Verksemda inneheld både akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar.
Divisjonen har ein stor forskingsavdeling, og det er mogleg å velje forsking som del av utdanninga. Det vises for øvrig til vår Utdanningsplan for ytterlegare informasjon om utdanningsløpet hos oss. Legar i behov av sideutdanning får tilpassa etter gjeldande utdanningskrav for den spesialiteten dei følgjer. Oppstart i stillingane er 01.03.25, men anna oppstartstidspunkt kan diskuterast. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggast ved søknaden. Det er krav om politiattest ved tilsetjing, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7.
Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.