Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om Knarvik legekontor og fastlegelista
Knarvik legekontor ligg i Knarvik, som er administrasjonssenter i Alver kommune. Det er gangavstand til kollektivknutepunkt og hurtigbåtforbindelse til Bergen sentrum (ca. 20 minutter). Vi har parkering ved kontoret.

Vi søkjer no ein dyktig fastlege til å ta over ansvar for pasientlista. Det er for tida knytt 2000 pasientar til den ledig heimelen, og fastlegen har hatt ansvar for lista sidan 2017. Listelengden kan vi diskutere. Ny heimelshavar vert einig med fratredande lege om vilkår for overdraging av praksis, og inngår internavtale med legane ved kontoret.

Knarvik legekontor er eit kontorfelleskap med 4 fastlegeheimlar, organisert som DA ( delt ansvar), og ein LIS 1 lege. Legane får utbetalt basistilskot etter § 8.1. Kommunen dekker 1/5 del av kostnadane for LIS 1 legen. Praksisen har tilsett hjelpepersonell i 3,3 årsverk, det er eit velfungerande forkontor med god kompetanse. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har eigen servarløysing med Infodoc Sky. Lokala er gode og tenelige. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar. Legane har sjølv ansvar for lokaler, hjelpepersonell, drift og utstyr. 

Knarvik legekontor har stabil legebemanning og det er innarbeida gode rutiner for samarbeid og drift. 

For ALIS - legar (allmennlege i spesialisering):
Alver kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. 

Om offentlege allmennmedisinsk arbeid og legevakt: 
I Alver kommune har vi legevakt ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik, 2 minuttars gange frå Knarvik legekontor. Vaktbelastninga for fastlegar som deltek er gjenomsnittleg to vakter i månaden på kveld, natt og helg, betalt etter eigen timesats. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, så det er mindre vaktbelastning på natt for fastlegane i kommunen. 

Dersom det er aktuelt med offentlig allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka vil pasienttalet på lista kunne reduserast etter avtale jf. ASA 4310. 

Alver kommune har vedtatt plan for legetenesta for 2023 - 2026. Du kan lese meir om den her: Plan for legetenesta i Alver kommune (framsikt.net)

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid som fastlege med ei godt opparbeidd og ivaretatt fastlegeliste 
  • Delta i gjensidig fråværsdekning ved kontoret
Kvalifikasjonskrav
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå helfo
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
  • Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
Kven er du?
Vi søkjer etter ein ny lege som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek, og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Du må og delta i ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane som og inkluderer arbeidsgiveransvar for tilsette på forkontoret.

Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod.

Vilkåra for fastlegeavtale går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Tord Moltumyr
Tittel: Tenesteleiar
E-post: tord.moltumyr@alver.kommune.no
Navn: Ronny Nepstad
E-post: drnepstad@hotmail.com
Arbeidssted
Kvassnesvegen 48
5914 ISDALSTØ