Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "snill vaktordning"?

Då må du søke denne stillinga!

Vi har ledig 1 fast stilling for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart 1. desember 2024, eller etter avtale. Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet.
Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet,
multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene.

Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv
HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett samarbeid i tverrfaglege team både sengepost og poliklinikk.
Legegruppa er ein ung og framoverlent gruppe som bidreg til fagutvikling og til utdanning av nye spesialister. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.  

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver
  • Sengepostarbeid
  • Poliklinisk arbeid
  • Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
  • LIS har vakt for tida kvar 6. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 - 21.00, og i helg frå 09.00 – 14.00. Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske.
Kvalifikasjonar
  • Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og gjerne erfaring med både sengepost og poliklinisk arbeid
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
Personlege eigenskapar
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hanne Svejstrup Elde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 41248018
E-post: hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund