Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus søker lege i spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Kvinneklinikken.
Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Avdelinga har fem seksjonar; fødeseksjon, seksjon for generell gynekologi, seksjon for fostermedisin og ultralyd, seksjon for gynekologisk kreft og for assistert befruktning. Avdelinga har omkring 50 tilsette legar. Sju av legane har også Universitetsstilling, to i hovudstilling. Det er stor vitskapeleg aktivitet ved avdelinga og alle legar deltar i klinisk undervisning. Avdelinga har om lag 4500 fødslar kvart år, og det er stor aktivitet på alle seksjonar.
Vi er ein komplett kvinneklinikk og tilbyr alle læringsaktivitetar som inngår i spesialistutdanninga i Fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Det er tillagt vakt til stillinga. Vi ønsker spesielt søkarar med noko erfaring innafor faget. Forskingserfaring vil også bli tillagt betydning.
Vikariata er ledig i 6 månader med mogleg forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Om du kjenner deg igjen i denne beskrivinga, så finst det ikkje nokon betre arbeidsplass for deg enn Kvinneklinikken i Bergen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.