Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ønsker du å gjere ein forskjell i psykiatrien? Vi søker ein dyktig overlege i psykiatri til vårt team ved FACT/Psykosepoliklinikken.

Psykosepoliklinikken tilbyr eit veletablert og fagleg sterkt arbeidsmiljø, og vi har no ein ledig 100% fast stilling. Vi ser etter ein overlege i psykiatri, som er motivert for å ivareta og vidareutvikle vårt tilbod til pasientgruppa.

Som en del av vårt framoverlente og innovative fagmiljø arbeider vi etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment). Vi tilbyr både poliklinisk og oppsøkande behandling av pasientar, og vårt FACT-team gir tettare oppfølging i kritiske fasar for å førebygge kriser, hindre innlegging og bidra til stabilisering av vanskelege situasjonar.

Psykosepoliklinikken er kjend for sitt tverrfaglege samarbeid. Teamet vårt består av psykologspesialistar, psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, sosionomar, ergoterapeutar, brukarspesialistar, merkantil og IPS. Vi er stolte av vår heilskaplege og individuelt tilpassa tilnærming til pasientbehandling.

Som overlege i psykiatri vil du spele ei sentral rolle i teamet, med ansvar for diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk. Du vil bidra med din faglege ekspertise i tverrfaglege teammøte og jobbe tett med både pasientar og deira pårørande for å sikre best moglege behandlingsresultat.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing og koordinering av psykiatrisk behandling for pasientar med psykoseproblematikk
  • Diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar i poliklinisk og oppsøkande behandling
  • Bidra i tverrfaglege teammøte med klinisk vurdering og fagleg rådgjeving
  • Utarbeide og implementere behandlingsplanar i samarbeid med pasientar, pårørande og andre faggrupper
  • Sikre at vedtak og avgjerder er i tråd med gjeldande retningslinjer og lover
  • Vere ein pådrivar for kvalitetssikring og vidareutvikling av tilbodet ved poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri, Norsk autorisasjon
  • Erfaring med FACT-modellen eller tilsvarande tverrfagleg tilnærming er ein fordel
  • Må mestre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner og erfaring med tverrfagleg arbeid

Personlege eigenskapar

  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg eigna til stillinga
  • Utmerkte kommunikasjonsferdigheiter og evne til å bygge relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
  • God struktur og organisering i arbeidet
  • Empatisk og løysingsorientert med ein evne til å handtere komplekse situasjonar
  • Engasjert i fagleg utvikling og kontinuerleg læring
  • Bidra til ja-kultur i teamet og opp mot samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande stilling i eit fagleg sterkt og erfarent miljø
  • Moglegheit til å arbeide etter FACT-modellen i eit tverrfagleg team
  • Tett legesamarbeid i poliklinikken
  • God støtte i felles ansvar for vedtak
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning
  • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø der du kan vere med på å gjere ein reell forskjell for pasientane
  • Lite turnover og god trivsel
  • Moglegheit for deltaking i vaktordning


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Mette Totland Håheim
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 92444910
E-post: mette.totland.haheim@helse-bergen.no
Navn: Leila Hodali
Tittel: Overlege/ Fagleg ansvarleg
Telefon: 55956000
E-post: leila.hodali@helse-bergen.no
Navn: Ellen Grønnevet
Tittel: Overlege
Telefon: 55956000
E-post: ellen.qvindesland.gronnevet@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad psykosepoliklinikk, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen