Haugesund sjukehus søkjer etter overlege i gastroenterologi.
Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkludert barn og nyfødde), kirurgi (inkludert føde/gyn og fertilitet), psykisk helsevern, og medisinsk service (inkludert akutt medisin, radiologi, klinisk kjemi og patologi).
Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nyresjukdomar, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi, hematologi og geriatri.
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.
Fagfeltet gastroenterologi er ein del av Medisinsk Avdeling A. Denne avdelinga har for tida 12 sengeplassar, der om lag seks er tilegna pasientar med gastroenterologiske sjukdommar. Ein stor del av aktiviteten finn stad på gastroenterologisk poliklinikk, der ein utfører gastroskopi, koloskopi, pH-manometri, mage-tarm poliklinikk, hepatitt poliklinikk, IBD poliklinikk, endoskopisk ultralyd, ultralyd abdomen, kapselendoskopi. I samarbeid med gastrokirurgisk avdeling utfører ein også ERCP, stentbehandling og fjerning av store polypper.
Seksjonen dekker eit breitt spekter av fagfeltet gastroenterologi og seksjonen har eit godt fagmiljø.
Avdelinga har i dag fem overlegestillingar innan gastroenterologi, to legar i utdanning innan gastroenterologi og ein lege i utdanning innan indremedisin. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vere del av stillingen. Dette vil kunne medføre at arbeid på andre poster må kunne påregnes.
Vi ønsker deg velkommen til å søkje hos oss.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.