Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga:
Ein av våre dyktige legar på Valestrand legekontor har sagt opp sin fastlegeheimel og denne står ledig frå 01.11.2024.
Valestrand legekontor har til saman 3 stillingsheimlar. Kontoret har 3 helsesekretærar i 3 årsverk. Osterøy har i tillegg eit legekontor i Lonevåg med 3 stillingsheimlar. Pr i dag har kommunen to LIS 1 legar – ein ved kvart legekontor. Ein heimel ved kvart kontor er i ALIS løp.
Journalsystemet er InfoDoc
Arbeidsoppgåver:
  • Arbeid som fastlege ved Valestrand legekontor
  • Listelengda er pr i dag på 1286
  • Kommunen deltek i interkommunal legevakt i Nordhordland og innehavar av heimel pliktar å delta i denne på kveld og helg. Estimert vaktbelastning er 2 vakter pr månad.
  • På dagtid er det kommunal legevakt som legen deltek i saman med dei andre legane på Osterøy.
     
Kvalifikasjonar
  • Krav om norsk autorisasjon
  • Krav om godkjent LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
  • Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt vidareutdanning i allmennmedisin – evt starte i ALIS løp
  • Erfaring frå allmennmedisin vil bli vektlagt saman med relevante spesialitetar
  • Søkjarar må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gyldig førarkort
  • Vi gjer merksam på at det må leggjast fram politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
  • Interesse for privat drifta legeteneste
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til å bidra til utvikling og kvalitetsforbetring innan området
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tildelinga av heimelen
Me tilbyr:
  • 8.2 avtale om økonomisk samarbeid med Osterøy kommune (8.2 avtale om økonomisk samarbeid - Rammeavtalen – Rundskriv A1-2024)
  • Jamnlege allmennlegemøter med dei andre fastlegane
  • Godt fungerande samarbeidsutval med kommuneoverlege og kommuneleiing
  • Dyktige og erfarne kollegaer ved kontoret
  • Korte tenesteliner og godt samarbeid med den kommunale helse- og omsorgstenesta
Anna informasjon:
Fastlegepraksis i kommunen skal drivast etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskriften og anna relevant helselovgjeving, på dei vilkår som framgår av ASA 4310, samt lokale føringar gitt av kommunen. Tildeling av avtaleheimel følger av ASA 4310. Merk at heimel blir tildelt som eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven, der andre søkjarar kan ha innsynsrett i m.a CV og søknadsdokument om dei har relevans i grunngjevinga.

Søknadsfrist: 13.10.2024
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anita Sørtveit
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 970 00 226
E-post: anita.sortveit@osteroy.kommune.no
Navn: Kristin Ruud Myking
Tittel: Kommunalsjef Helse, omsorg og sosial
Telefon: 990 10 087
E-post: kristin.ruud.myking@osteroy.kommune.no
Arbeidssted
Valestrand legekontor
5281 VALESTRANDSFOSSEN