Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Nevrologisk seksjon, Førde sentralsjukehus har ledig eit vikariat og to faste LIS 3 stillingar i nevrologi.

Nevrologisk seksjon er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering; ANRR.

Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS.  

Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus for deler av spesialiseringsforløpet.

Helse Førde er for tida inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi ser med entusiasme fram mot hausten 2024 då vi skal flytte inn i ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre  tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse. 

Vi har fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø, spesielt med tanke på samarbeid mellom kollegaer, andre yrkesgrupper i seksjonen, samt med andre avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.

Oppstart faste stillingar per 01.03.2025. Vikariat snarast mogeleg. 

Vi ser fram til å motta søknad frå deg.

Arbeidsoppgåver

  • LIS følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktplan, med fri i vaktplan kvar 7. veke. Tilstadesvakt. 
  • Som LIS på vår avdeling, vil du delta i arbeid på post, ha poliklinikk og delta i tverrfagleg samarbeid. Du vil få undervisning og rettleiing etter oppsett plan.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
  • Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Motivert, lærevillig og interessert i fagfeltet
  • Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
  • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.


Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Stig Erik Hegrestad
Tittel: Seksjonsleiar Nevrologisk seksjon
Telefon: 578 39 355
Navn: Anne Marit Sølvberg Rygg
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 958 25 538
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologisk seksjon, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde