Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Om stillinga:
Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS2 i generell kirurgi/gastroenterologisk kirurgi frå 01.11.24 - 31.08.25. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Kirurgisk seksjon behandlar generell- og gastrokirurgiske pasientar. Vi utfører gallekirurgi,  ulike typar tarmreseksjonar, fedmekirurgi, alle typar brokk og proktologiske tilstandar. Sjukehuset har akuttfunksjon innan traumatologi. Vi har stor endoskopisk aktivitet og skal medverke i koloskopiscreeningprogrammet som er under utrulling. Det er per i dag 8 LIS2/3 stillingar ved kirurgisk avdeling. Det er 6 spesialistar i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi ved sjukehuset. Det er felles LIS2/3 vakt for kirurgi og ortopedi på kveld og natt. 

Litt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt ein stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje  den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrking av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på 5 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i Indre Sogn.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.

Litt om Voss: 
Voss herad aukar folketalet og har for tida 16.100 innbyggjarar. Staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og -aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar samt ein flott golfbane. Me har gode rabattordningar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportveko. Kulturlivet er rikt og variert med Vossa Jazz, Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

 Sjå her: Å bu og jobbe på Voss

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Visittgang/ postarbeid
  • Operere og assistere på operasjon
  • Rettleie LIS1
  • Den som blir tilsett som LIS, vil få ein personleg rettleiar og deltar i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda vil bli lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og annan etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-2 stilling i generell kirurgi/gastrokirurgi 
  • Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Christer Kvelvane
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 56 53 35 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss