Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.
Les meir om oss: Barne- og ungdomsklinikken
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) har nå ledig eit 12 månaders overlegevikariat ved avdeling nyføddintensiv med mogleg forlenging. Ved seksjon for nyføddintensiv arbeider i dag 8 overlegar. Seksjonen har 16 senger, og arbeider med alle delar av nyføddmedisin, inkludert ekstremt premature barn. Avdelinga er landets tredje største nyføddavdeling og har ansvar for ca 4300 fødslar ved eige sjukehus og intensivbehandling for eit nedslagsfelt på ca 7100 fødslar. Avdelinga er aktiv innan klinisk forsking.
Til stillinga søker vi godkjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping i nyføddmedisin. Legen som blir tilsett ønskes bakvaktompetanse for nyføddintensiv, alternativt ambisjon om å nå dette i vikariatperioden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.