Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

 Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi  all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.

BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Les meir om oss:  Barne- og ungdomsklinikken.

Seksjon for generell pediatri er ein stor seksjon med ansvar for barne- og ungdomsmottak, generell pediatrisk sengepost og Barneovervaking. I tillegg har vi poliklinikk innan lungemedisin, infeksjon og allergologi.  For tiden er det 6 overlegar og 4 LIS ved seksjonen. Seksjonen utgreier og behandlar pasientar med akutte og generelle tilstandar og har eit spesielt ansvar for problemstillinger innan infeksjonsmedisin, lungemedisin og allergologi. Vi driv klinisk forsking og har et velutstyrt lungemedisinsk laboratorium.  

Vi ønsker ein barnelege med kompetanse innen akuttmedisin, infeksjon, lungemedisin og/eller allergi. Det er ein fordel med breidde i arbeidserfaringa, og ein må rekne med å dekke meir enn eitt felt i sitt arbeid. Vi søker spesifikt etter lunge- og allergikompetanse eller søkarar som ønsker å fordjupe seg disse fagområda.  Eigenskapar vi ser spesielt etter er gode samarbeidsevner, høg arbeidskapasitet, hjelpsomhet, fleksibilitet og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert. Seksjonen har eit eige ansvar for opplæring av nye legar, og pedagogiske evner vil bli vektlagt. Det er forventa deltaking i ei av vaktordningane ved Barne- og ungdomsklinikken etter kompetanse og klinikkens sitt behov.     

Arbeidsoppgåver

  • Du vil ha dag-til-dag ansvar for behandling av pasientar og ansvar for oppfølging av dei
  • Du vil arbeide både på poliklinikk, sengepost, Barneovervaking  og dagpost
  • Du vil inngå i eit tverrfagleg team med tett samarbeid
  • Bakvakt 12 delt tilstede etter kvalifikasjoner og klinikkens behov
  • Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Spesialist i pediatri, inkludert vaktkompetanse
  • Det blir lagt vekt på klinisk erfaring, særleg innan lungemedisin og allergologi
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Forskingserfaring er ein fordel
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Karin Birgitta Tylleskär
Tittel: Seksjonsleiar Overlegar
Telefon: 41701479
E-post: karin.birgitta.tylleskar@helse-bergen.no
Navn: Håvard Trønnes
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 41701601
E-post: havard.tronnes@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen