Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kan du tenkje deg å jobbe på Noregs kanskje trivelegaste indremedisinske avdeling? Midt mellom fjord og fjell, i kulturbyen Molde.

Ved medisinsk avdeling i Molde har vi ledig fast stilling for Lege i spesialisering i blodsjukdommar.

Vi er ein fantastisk hyggeleg indremedisinsk avdeling. Vi har dyktige spesialistar i alle indremedisinske fag ved avdelinga, og er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi. Sengepostane er fagseksjonerte, og LIS roterer på seksjonane kvar 6. månad. LIS3 blir prioritert til opplæring, poliklinikk, kurs, konferansar og kongressar i sitt fag. Vi har svært godt arbeidsmiljø, fordjupingsdagar og rettleiingstid i plan, felles lunsjar, is i frysaren, kaffi på kanna og bingo på fredagar.

Totalt sett er vi over 50 legar, 26 overlegar. LIS går 12-delt vakt, todelt døgn. Overlege er til stades på huset til kl. 21, heime på natt. LIS1 har også tilstadevakt i 10-delt plan, med todelt døgn. Både anestesi og radiologi har også tilstadevakt på natt. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikkje får meir ansvar enn du kan bere, og du er aldri aleine.

Avdelinga har stort fagfokus. Vi har ambisjon om å vere ein av Noregs mest framoverlente og beste indremedisinske avdelingar, både fagleg og arbeidsmiljømessig. Du får tidleg og systematisk opplæring i vaktrelaterte prosedyrar, inkludert bruk av ultralyd. Vi har eit spesielt godt utvikla medisinsk akutt team (MET), som blir leia av LIS2/3 i vakt. Du har også moglegheit til å påverke eigen arbeidshverdag både fagleg og sosialt. Vi meiner at alle på laget er like viktige, og hos oss får ein store moglegheiter for fagleg utvikling og påverking.

Vi er ein legeseksjon i vekst, og skal i april/mai 2025 flytte inn i nytt sjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), 15 minutt frå Molde sentrum. Då skal Molde og Kristiansund sjukehus slåast saman til SNR, og nytt arbeidsstad blir som nemnt på SNR. Dette blir veldig positivt for fagmiljøa, som veks seg større, sterkare og med forbetra kapasitet til forsking, utdanning, utvikling osv.

Hematologisk seksjon i Molde består i dag av 1 overlege, 1 konstituert overlege, 1 LIS3, 1-2 LIS2 og 2 LIS1. I nytt sjukehus blir vi slått saman med indremedisinsk avdeling i Kristiansund, og ytterlegare 1 overlege kjem til. Arbeidskvardagen består av både sengepostarbeid, poliklinikk, prosedyrar og vaktarbeid. Seksjonen har eit veldig triveleg miljø, og det er stort fokus på samarbeid, daglege problemmøte, ukentlege regionale undervisningar og tverrfaglege samarbeidsmøte. Her er det gode moglegheiter for å lære mykje hematologi. I hematologien blir ein godt kjend med pasientane sine, då ein ofte følgjer dei i fleire år. Ein kjem tett på livet, døden og dei store spørsmåla. Dette opplever hematologane som spesielt givande med si pasientgruppe. Faget er også i ein enorm utvikling, og nye behandlingsmoglegheiter dukkar stadig opp. Her er det mykje spennande å både forske på og fordjupe seg i dersom ein likar det.

Så: Kom til Molde! Ein fantastisk arbeidsplass, store utviklingsmoglegheiter, nydelege fjell, vestlandske fjordar, jazz, roser og herleg stemning!

Oppstartsdato blir avtalt direkte med aktuell søkjar.

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i gjeldande vaktordning
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer
  • Du vil få god opplæring i akuttprosedyrar og ultralyd på vakt
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk
  • Du vil få moglegheit til å rettleie og supervisere LIS1
  • Med bakgrunn i eigne interessefelt legg vi til rette for personleg og fagleg utvikling heilt frå start. Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanning eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Meistre norsk språk - skriftleg og munnleg tilfredsstillande
  • Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialitet frå før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • Du jobbar godt aleine og i team
  • Du er oppteken av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltek aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er sulten på ny kunnskap og erfaring

Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar og spesialist i blodsjukdommar
  • Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
Telefon: 92433378
E-post: ida.camilla.monn.birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE