Kan du tenkje deg å jobbe på Noregs kanskje trivelegaste indremedisinske avdeling? Midt mellom fjord og fjell, i kulturbyen Molde.
Ved medisinsk avdeling i Molde har vi ledig fast stilling for Lege i spesialisering i fordøyingssjukdommar.
Vi er ein fantastisk hyggeleg indremedisinsk avdeling. Vi har dyktige spesialistar i alle indremedisinske fag ved avdelinga, og er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi. Sengepostane er fagseksjonerte, og LIS roterer på seksjonane kvar 6. månad. LIS3 blir prioritert til opplæring, poliklinikk, kurs, konferansar og kongressar i sitt fag. Vi har svært godt arbeidsmiljø, fordjupingsdagar og rettleiingstid i plan, felles lunsjar, is i frysaren, kaffi på kanna og bingo på fredagar.
Avdelinga har stort fagfokus. Vi har ambisjon om å vere ein av Noregs mest framoverlente og beste indremedisinske avdelingar, både fagleg og arbeidsmiljømessig. Du får tidleg og systematisk opplæring i vaktrelaterte prosedyrar, inkludert bruk av ultralyd. Vi har eit spesielt godt utvikla medisinsk akutt team (MET), som blir leia av LIS2/3 i vakt. Du har også moglegheit til å påverke eigen arbeidshverdag både fagleg og sosialt. Vi meiner at alle på laget er like viktige, og hos oss får ein store moglegheiter for fagleg utvikling og påverking.
Totalt sett er vi over 50 legar, 26 overlegar. LIS går 12-delt vakt, todelt døgn. Overlege er til stades på huset til kl. 21, heime på natt. LIS1 har også tilstadevakt i 10-delt plan, med todelt døgn. Både anestesi og radiologi har også tilstadevakt på natt. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikkje får meir ansvar enn du kan bere, og du er aldri aleine.
På seksjon for fordøyingssjukdommar er vi 4 spesialistar. 2 av 4 spesialistar er i PhD-løp ved sidan av klinisk arbeid. No manglar vi LIS3 i faget, og ønskjer oss nye gode hovud med på laget. Kanskje akkurat deg? På seksjonen er det i tillegg til ei kvar tid 1-2 LIS og 2 LIS1. Seksjon for fordøyingssjukdommar dekkjer eigen sengepost og poliklinikk for fordøyingssjukdommar, inkl. ein betydeleg skopi-aktivitet. I tillegg har vi pasientar som blir følgde opp ved dagenheten for infusjonsbehandling, vi har pasient- og pårørandeopplæring og ganske stor ERCP-aktivitet. Totalt sett handterer vi dei aller fleste problemstillingar innan faget. Det er felles regional undervisning to gonger per veke, og stor grad av meister-svein opplæring og supervisjon i kvardagen. Seksjonen har eit spesielt godt arbeidsmiljø der latteren sit laust, og der det blir skapt gode rom for utviklande og spennande faglege diskusjonar.
Vil du vere med på laget? Lære indremedisin og fordøyingssjukdommar i eit miljø der du har store moglegheiter for fagleg utvikling, personleg utvikling og kjekke dagar?
I april/mai 2025 flyttar vi inn i nytt sjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), 15 minutt frå Molde sentrum. Då skal Molde og Kristiansund sjukehus slåast saman til SNR, og nytt arbeidsstad blir på SNR. Dette blir veldig positivt for fagmiljøa, som veks seg større, sterkare og med forbetra kapasitet til forsking, utdanning, utvikling osv. SNR har topp moderne skopi-lab, og det blir fantastiske moglegheiter til å bli ein dyktig skopør.
Så: Kom til Molde! Ein fantastisk arbeidsplass, store utviklingsmoglegheiter, nydelege fjell, vestlandske fjordar, jazz, roser og herleg stemning!
Oppstartsdato blir avtalt direkte med aktuell søkjar.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.