Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Hos oss jobbar allereie mange, dyktige og hyggjelege kollegaer. No treng vi deg på laget. ØNH-avdelinga ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling for overlege med kompetanse innan nase- og bihulekirurgi.

ØNH-avdelinga er organisert som ein avdeling i kirurgisk klinikk med eigen poliklinikk, høyresentral, operasjons- og oppvåkningseining. Avdelinga er godkjend som gruppe II-utdanningsavdeling i ØNH-sjukdommar.

Ved ØNH-avdelinga er vi 9 legar: 4 spesialistar og 5 under utdanning. Her vil du også samarbeide med sjukepleiarer, audiografar, sekretærar og teknikarar. 

Arbeidsoppgåver

  • Overlege deltar i vaktordning etter avtale
  • Allsidige arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan fagfeltet øyre-nase-hals sjukdommar
  • Kompetanse og brei erfaring innan nase- og bihulekirurgi og frakturkirurgi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er fleksibel
  • har høg arbeidskapasitet
  • samarbeider godt i team
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande overeinskomst.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Høgt fagleg nivå og triveleg arbeidsmiljø.

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.      
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Aina Merethe Vikshåland
Tittel: Konstituert avdelingsleiar
E-post: aina.merethe.vikshaland@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Øre-nese-hals avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 Haugesund