Hos oss jobbar allereie mange, dyktige og hyggjelege kollegaer. No treng vi deg på laget. Vi søkjer overlege med brei erfaring innan bløtvevskirugi, inkludert parotiskirurgi.
ØNH-avdelinga er organisert som ein avdeling i kirurgisk klinikk med eigen poliklinikk, høyresentral, operasjons- og oppvåkningseining. Avdelinga er godkjend som gruppe II-utdanningsavdeling i ØNH-sjukdommar.
Ved ØNH-avdelinga er vi 9 legar: 4 spesialistar og 5 under utdanning. Her vil du også samarbeide med sjukepleiarer, audiografar, sekretærar og teknikarar.
Arbeidsoppgåver
- Overlege deltar i vaktordning etter avtale
- Allsidige arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan fagfeltet øyre-nase-hals sjukdommar
- Kompetanse og brei erfaring innan bløtvevskirugi, inkludert parotiskirurgi
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Personlege eigenskapar blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Høgt fagleg nivå og triveleg arbeidsmiljø.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.