Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kvinneklinikken søker onkolog med interesse for gynekologisk onkologi. 

Vi ønsker å rekruttere lege med onkologisk kompetanse til bli ein viktig del av vår satsing på gynekolgisk kreftbehandling her ved Kvinneklinikken. Stillinga vil ha tilhøyrsel til legeseksjonen, men vil ikkje inngå i Kvinneklinikkens øvrige vaktarbeid. Vi ønsker stødig klinikar med sterkt engasjement og gode haldningar. Det er viktig at du som lege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.

Vi har alltid fokus på pasientryggleik, kompetanse, fagleg utvikling og brukarmedverknad. Som onkolog vil du ha eit sjølvstendig fagleg ansvar for medikamentel kreftbehandling og bidra til fagutvikling og undervisning. Både erfarne LIS og ferdige spesialistar blir oppfordra til å søke.  

Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområdet gynekologi og fødselshjelp. Klinikken har fire avdelingar: fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4400 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. 

Vi kan tilby ein utfordrande arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling innan både klinisk kompetanse og forskingsaktivitet. Vi har eit hyggeleg kollegium som ønsker nye legar velkomne!

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid, med spesielt ansvar for medikamentell kreftbehandling
  • Forbetringsarbeid
  • Undervisning og rettleiing
  • Medansvar for god samhandling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon 
  • Spesialistgodkjenning, eller nesten ferdig spesialisering innan Onkologi
  • Medisinsk embetseksamen
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker deg som ser på det som en utfordring å bidra til den vidare faglege utviklinga av kreftbehandlinga ved gynekologisk avdeling
  • Du er fagleg sterk, sjølvstendig og som likar hektiske kvardagar
  • Vi søker deg som ser viktigheita av god kommunikasjon både med pasientar og kollegaer og som spontant møter andre med blikkontakt og eit smil
  • I vår spesialitet er det utruleg viktig å behandle pasientar profesjonelt og empatisk
  • Sist men ikkje minst må du ønske å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Om du kjenner deg igjen i denne beskrivinga, så finst det ikkje nokon betre arbeidsplass for deg enn Kvinneklinikken i Bergen

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.   
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Lorentz Erland Linde
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 41456090
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kvinneklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen