Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Klinikk for sikkerheitspsykaitri er samansett av 5 seksjonar, Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon fengselshelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits,- fengsels- og rettspsykiatri.

Lokal sikkerheitsavdeling har i dag 8 sengeplassar og tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og stor risiko for alvorleg valdeleg åtferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. Det er nyleg oppretta ein sikkerheitspsykiatrisk poliklinikk som også skal ha eit dagtilbod og yte ambulante tenester. Dette gjer eit utvida og meir heilskapleg tenestetilbod til pasientar underlagd dom til tvungen psykiske helsevern, og andre pasientar under tvungen psykisk helsevern som utgjer fare for andre. Det vil sikre eit meir differensiert pasientforløp for denne pasientgruppa. Oppretting av dagavdelingstilbod og ambulante tenester vil vere med på å styrkje rehabiliteringsarbeidet, og sikre ei trygg tilbakeføring av den enkelte pasient til sin heimkommune. Dette vil betre pasientbehandlinga og sikre samfunnsvernet. Utvikling av det ambulante tenestetilbodet skal skje i samarbeide med kommunane. Det skal etablerast felles ansvarsgrupper, rettleiing i enkeltsaker, og undervisning i valdsrisiko og samfunnsvern.

Vi søker etter to overlegar, ein til poliklinikk og ein til sengepost, som ønsker å ta del i å bygge opp nye gode tenestetilbod for sikkerheitspasientar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar
  • Ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova
  • Gjere utgreiing av risiko for vald
  • Gje rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken
  • Utstrakt samarbeid med dei andre Klinikkane i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
  • Undervisning og rettleiing til kommunale helsetenester og øvrig spesialisthelseteneste
  • Arbeidsoppgåver tilknytta rettspsykiatriske døgnobservasjonar må påreknast
  • Det kan bli aktuelt å påta seg utgreiings- og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i Klinikken

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med spesialitet innan psykiatri eller lege i sluttfasen av spesialistutdanning
  • Norsk autorisasjon
  • Interesse for fagutvikling
  • Interesse for rehabilitering og rettspsykiatriske emne
  • Norsk autorisasjon
  • God formidlingsevne
  • Vandelsattest må leggast fram før tilsetjing

    Personlege eigenskapar

    • Inkluderande samarbeidsstil
    • Evne til å inspirere medarbeidarar
    • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
    • Kan trivast med å arbeide i team med ei krevjande pasientgruppe

    Vi tilbyr

    • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gjev gode utviklingsmoglegheiter for den rette personen
    • Godt arbeidsmiljø
    • Løn etter avtale
    • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
    Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Bergen HF
    Kontaktperson
    Navn: Frøydis Haugan
    Tittel: Klinikkdirektør
    Telefon: 908 25 279
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Arbeidssted
    Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen
    sandviksleitet 1
    5036 Bergen