Haukeland universitetssjukehus, Klinikk sikkerheitspsykiatri har no ledig stilling som avdelingsoverlege. Det er 5 seksjoner ved Klinikk sikkerheitspsykiatri: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Fengselshelseteneste, Sikkerhetspoliklinikken og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.
LS tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og høg risiko for alvorleg valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdoms-forstyrring og rusmisbruk. LS skal gje eit tilbod til pasientar i Helse Bergen og har for tiden 8 sengeplassar.
Avdelingsoverlegen vil vere ein del av leiarteamet i klinikken og vedkomande vil rapportere til Klinikkdirektør og det må påreknast å vere hennar stedfortredar.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for all behandling som blir gitt ved Lokal sikkerheitsavdeling
- Ansvar og myndigheit for avgjerder om inntak og pasientflyt i avdelinga
- Samarbeide tett og konferere om vesentlege avgjerder om inntak og drift med seksjonsleiar Lokal sikkerheitsavdeling
- Avdelingsoverlege skal i samarbeid med leiargruppa, vere pådrivar for klinisk arbeid av høg fagleg standard og fagutvikling
- Stillinga er og knytt til klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar og risiko for vald
- Gi rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken
- Utstrakt samarbeid med dei andre klinikkane i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primær helsetjenesten og kommunale botilbud i Helse Bergens opptaksområde
- Det kan bli aktuelt å også påta seg behandlingsansvar for pasientar ved andre avdelingar i klinikken og vere stedfortredar for avdelingsoverlegen ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA) ved behov
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embedseksamen med spesialitet innan psykiatri
- Norsk autorisasjon
- Erfaring frå Sikkerheitspsykiatri og akutt psykiatri vil bli lagt vekt på
- Interesse for rettspsykiatri og rehabilitering
Personlege eigenskapar
- Evne til å kombinere god leiing med høgt fagleg fokus
- Evne til å sjå og tenkje heilskap
- God gjennomføringsevne
- Inkluderande samarbeidsstil
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kan trivast med å arbeide i team med ein krevjande pasientgruppe
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir gode utviklingsmoglegheitar for den rette person
- Gode høve til deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.