Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og to avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Regional avdeling spiseforstyrringar og Avdeling psykosomatisk medisin.
Avdeling psykosomatisk medisin består av 3 seksjonar. Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland Universitetsjukehus og Haraldsplass Diakonale sjukehus, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar.
Seksjon for nevrostimulerende behandling tilbyr elektrokonvulsiv terapi (ECT) og er i ein prosess med reetablering av behandling med transkraniell magnetstimulering (TMS) til pasienter hovedsaklig med depresjon. Det nyetablerte Nasjonale kvalitetsregister for ECT er forankra i seksjonen.
Seksjon for alderspsykiatri behandler pasienter med alvorlige psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Seksjonen har 12 senger, poliklinikk og ambulant team.
Vi har no ledig stilling for godkjend spesialist i psykiatri ved Avdeling psykosomatisk medisin. Overlegen vil vere tilknytt Seksjon konsultasjonspsykiatri, men må vere innstilt på å gjere arbeidsoppgåver innanfor dei tre ulike seksjonane.
Avdelinga har eit engasjerende og godt arbeidsmiljø med spesialister i psykiatri, psykologspesialist og psykiatriske sjukepleiarar, og vi tilbyr ein spennande jobb med anledning til å være med på å utvikle det faglige tilbudet ved avdelingen.
Vi er lokalisert i Glasblokkene, Haukeland Universitetssjukehus.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.