Haram kommune - vil du vere med å bygge ei ny kommune?
Haramsøy legekontor har ledig fastlegestilling frå august 2024.
Haramsøy legekontor har kommunal drift med erfarne hjelpepersonell/ sjukepleiarar. Vi har gode lokale og eit godt arbeidsmiljø. Vi brukar CGM Journal og det er lagt ned mykje arbeid i oppdatering av journalar. Dei to fastlegane på Haramsøy legekontor har ein gunstig 8.2 avtale med Haram kommune der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leie til Haram kommune. Den nye fastlegen kan velge same 8.2 avtale eller ei svært konkurransedyktig fastlønn og med 30% bonus.
Haramsøy legekontor ligg på Haramsøy. Det er fastlandssamband med bru og tunnelar. Dei fleste pasientane bur på Haramsøy, Lepsøy, Flemsøy/Skuløy og Fjørtoft. Det går fint an å pendla frå Ålesunds-området. På Haramsøy er det ein svært god barne- og ungdomsskule og barnehage. Det er rikt kulturliv og fine moglegheiter for friluftsliv.
Fastlegane på Haramsøy legekontor trivst veldig godt og har arbeida der i 40 år og 21 år, og begge er spesialistar i allmennmedisin. Den eine fastlegen vår pensjonerer seg frå 24.08.2024 ved fylte 70 år. Den andre fastlegen vår ønsker å halde fram og kan vere ALIS-rettleiar. Listelengd på den ledige fastlegelista er rundt 840.
Haram kommune har tre legekontor. Brattvåg legekontor har 6 fastlegestillingar og ein LIS1. Vatne legekontor har fire fastlegestillingar og ein LIS1. Haramsøy legekontor har to fastlegestillingar og 1 LIS1. Alle legane møtast ein gong i månaden til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng i vidareutdanning/etterutdanning.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med?gode heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeida på tvers for å skapa gode tenester for innbyggjarar og næringsliv.?Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.