Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ein av dei gode fastlegane våre skal bli fastlege i ein kommune nærare heimstaden og me er difor på jakt etter ein ny til å bli ein del av den gode gjengen på Vigrestad legekontor. Kontoret fyller 40 år og kjernepersonellet har vore der heilt sidan starten. Kontinuiteten er difor absolutt på plass og trivselen er høg.
Legesenteret på Vigrestad består av 6 fastlegar , lis 1 og samarbeidande personell som hovudsakleg er sjukepleiarar. Det er gode rutiner for samarbeid og bruk av sjukepleiarane til vurdering der det er fornuftig. Fastlegetenesta er godt integrert i den øvrige kommunale helsetenesta, me har og psykolog som arbeider på tvers av legekontora med pasientbehandling, veiledning og rådjevning.

Kommunen arbeider med å leggja til rette for ytterlegare fastlegestillingar så om du tenkjer det er aktuelt å testa ut fastlegeyrket som vikar må du gjerne søkja her og skriva dette.
Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarbeid.
Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysninger dersom du treng ein dag fri.

Oppstart 01.01.25 eller etter avtale.

Kvalifikasjonar
  • gjennomført Lis 1
  • god kunnskap om norsk lovverk
Personlege eigenskapar
  • interesse for allmennmedisin
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Hå kommune
Kontaktperson
Navn: Gerd Signy S. Omland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 481 05 342
Hjemmeside
Arbeidssted
Lyngvegen 14
4365 NÆRBØ