Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger søker legar som ønsker seg inn i pediatri, og har frå i haust eit ledig eitt års vikariat som LIS.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. Nyføddintensiv behandlar alle typar perinatale tilstandar og tar imot premature frå 23 vekers gestasjonsalder. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.
Vi underviser medisinstudentar og vi har regelmessig hospitantar. Mange av legane jobbar med forsking, hovudsakleg innan lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.
Legane er fordelt i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Barne- og ungdomsmedisin er ein brei spesialitet der ein både får brukt sin generelle kompetanse, men også kan fordjupa seg i eit spesifikt fag. Spesialiteten passar både for dei som er interessert i akuttmedisin og prosedyrer og for dei som likar å grubla over kompliserte diagnostiske utgreiingar. I vår avdeling er det flat struktur og lett å spørja om råd. Vi har ein utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team. Avdelinga har fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
Kva tilbyr vi?
Avdelinga vår tilbyr fullt utdanningsløp i pediatri. Det er også god moglegheit til å delta i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med, både LIS og overlegar.
I arbeidsplanen får du faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og fri kvar 12. veke. Friveka kan evt. delast opp og fordelast jamnt utover i turnusen om ein ønsker det. "Standard" arbeidsplan inneber mellom 1 og 2 timar per veke med UTA, som kan reduserast etter ønske.
Vi har eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og i heile legegruppa. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og alle nye LIS får fadder, veileder og grundig opplæring før ein går sjølvstendig vakt. LIS-ane får regelmessig veiledning både individuelt og i gruppe. Internundervisninga går på rundgang mellom faggruppene og det er god moglegheit å fordjupa seg i det ein synest er spanande!
Stavanger er ein hyggeleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur, god mat og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg i vatnet, på stranda eller på fjellet.
Praktiske forhold:
Pga. permisjon er det ledig eitt 12 mndr vikariat som LIS 2/3 med ordinær vaktdeltaking. Det er ønskeleg med oppstart 01.10.24 for opplæring, men tidspunktet kan forskyvast noko ved behov. Det er moglegheit for forlenging.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet.
Ta kontakt med avdelingsoverlege eller avdelingssjef om du har spørsmål!
Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrer du at dine dokumenter er verifiserte og oppdaterte. For mer informasjon om hvordan du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemalsportalen.no. Har du tatt utdanning i utlandet må godkjenning fra UDIR/NOKUT legges ved søknaden. Om du ikke finner alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste de opp som egne vedlegg til søknaden.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.