Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig årsvikariat som LIS2 i generell kirurgi med moglegheit for forlenging/fast stilling:
- 100% stilling med oppstart snarast eller etter avtale
Kirurgisk avdeling ved FSS er ei aktiv avdeling med følgjande spesialitetar: Urologi, gastroenterologisk kirurgi, akutt- og generell kirurgi, plastikkirurgi, bryst- og thyreoideakirurgi. Noko karkirurgisk virksomhet.
Det er 7 stillingar for LIS2/3 med 7-delt tilstadesvakt bak LIS1 med overlege i tertiærvakt.
Avdelinga har godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom alle legar både over- og underordna og med pleiepersonalet.
Avdelingssjef er næraste overordna.
Meir informasjon om Helse Førde finn du her.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid på sengepostar, poliklinikk og operasjonsstove
- Bidra til progresjon og forventa utvikling i eige utdanningsforløp
- Bidra fagleg gjennom undervisning, rettleiing og teamarbeid
- Delta i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg administrativt arbeid
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med interesse for kirurgi. Må ha gjennomført LIS1
- Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeide i team
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein kollega som har gode samarbeidsevner, er fleksibel, pliktoppfyllende og arbeidsom
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Sjukehuset hjelper til med å skaffe bustad
- Rettleiar under spesialistutdanninga
- Eit stimulerende arbeidsmiljø, sterkt fokus på praktisk opplæring og undervisning
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt samarbeid med andre avdelingar og klinikkar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.