Velkomen til oss ved Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger! Vi har ledig eit overlegevikariat innan lungemedisin/allergologi.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge og poliklinikk. Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18.000 konsultasjonar/år.
Vi har 42,5 legestillingar korav 19,5 er overlegestillingar tilknytta born/ungdom. Overlegane er fordelt i fleire faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team.
Lunge-/allergiseksjonen har høg aktivitet innanfor alle tilhøyrande pasientgrupper, og ein godt utbygd poliklinikk med utstyr for dei aller fleste undersøkingar innan lungemedisin. Seksjonen driv aktivt med allergivaksinering og matvareprovokasjonar. Der er fokus på høg fagleg kvalitet og legane på seksjonen medverkar i fleire prosedyrer i pediatriveilederen. Det er eit aktivt forskingsmiljø der fire av overlegane har PhD og forskinga er integrert i pasientbehandlinga for fleire pasientgrupper.
BUK underviser medisinstudentar frå Universitetet i Bergen og frå hausten -25 medisinstudentar tilknytta Vestlandslegen (siste 3 år av studiet ved UiB blir utført i Stavanger). BUK har eit aktivt forskingsmiljø som involverer både LIS og overlegar.
Kva tilbyr vi?
Hos oss inngår du i eit triveleg arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar med eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar. Du får gode moglegheiter for utvikling og forsking. Du blir del av eit hyggeleg kollegium med mange sosiale treff. Vi tilbyr deltaking i 12-delt bakvaktsjikt, med anten fri kvar 12. veke eller avspaseringsdagar fordelt jamnt utover i turnusen. Det er mogleg å ha redusert UTA om det er ønskeleg. Kursdeltaking i henhold til tariffavtale (inntil 10 dagar per år), og vi oppfordrar legane til å delta i nasjonale barnelegemøte, interessegrupper o.l. Det er ønskeleg at alle overlegar tar veiledningskurs og dette blir tilbydd om ein ikkje har det frå før.
Stavanger er ein triveleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg på vatnet eller i fjellet.
Praktiske forhold:
Det er no ledig eit 12 mndr overlegevikariat tilknytta lunge-/allergologiseksjonen. Det er ønskeleg med snarleg oppstart, tidspunkt kan drøftast. Det vil vera moglegheit for forlenging. Ved intern tilsetjing kan det bli ledige vikariat.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Attester, referansar og eventuell annan relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrer du at dine dokumenter er verifiserte og oppdaterte. For mer informasjon om hvordan du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemalsportalen.no. Har du tatt utdanning i utlandet må godkjenning fra UDIR/NOKUT legges ved søknaden. Om du ikke finner alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste de opp som egne vedlegg til søknaden.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for et inkluderende rekruttering.