Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Anestesi, intensiv og operasjons avdeling ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling for LIS innan anestesiologi. Ved intern tilsetjing kan lengre vikariat bli ledig.

I avdelinga, som organisatorisk høyrer til kirurgisk klinikk, inngår anestesi, intensiv, operasjon, sterilforsyningsteknikk og palliativt team.

Avdelinga har nye flotte lokale for både operasjon og intensiv/postoperativ-eining.

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver innan anestesi og intensivmedisin.
  • Vaktordning er for tida 8-delt tilstadesvakt for LIS.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Gjennomført LIS 1 eller tilsvarande
  • Personleg eignaheit blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er ansvarsbevisst
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • har evne til å tilpasse deg endringar

Vi tilbyr

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaler
  • Hjelp med bustad
  • Nærleik til fjord og fjell med gode muligheter for variert friluftsliv

 

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Dagny Strand Klausen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 52732687
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 Haugesund