Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi søkjer ein inspirerande og involerande leiar som kommuniserer godt, er tydeleg, samlande og kjenner fagfeltet. Gjennom leiarskap gjer du andre god.

Kvinneklinikken skal gi eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar i vårt opptaksområde.    

  • Vi er den nest største føde/barseleininga i Noreg, med mellom 4000 og 4500 fødslar i året.
  • Vi har ei stor gynekologisk avdeling der vi har eit breitt tilbod innan gynekologiske sjukdommar og regionansvar for behandling av gynekologiske sjukdommar.
  • Klinikken har nasjonalt behandlingsansvar for gynekologiske fistlar.
  • I samarbeid med universitet og høgskular har vi eit sterkt forskingsmiljø.

Som direktør for Kvinneklinikken legg du til rette for at dei tilsette i klinikken kan arbeide med forsking og systematisk fagleg utvikling for å kunne tilby pasientane våre behandling og oppfølging av god kvalitet. For å lese meir om Kvinneklinikken sjå her

Fødselshjelp og kvinnehelse er tema som vekker stort engasjement i befolkninga og Kvinneklinikken opplever stor interesse frå omverda. Som klinikkdirektør er det forventa at du kommuniserer godt internt og eksternt, og har ei tydeleg stemme i den offentlege samtalen.

Dei tilsette er vår viktigaste ressurs
Du vil leie og utvikle ein klinikk med mange kompetente og flotte medarbeidarar. Du må evne å tenke strategisk og samtidig leie for å nå operative mål. Saman med dei tilsette skal du utvikle Kvinneklinikken for framtida gjennom forbetringsarbeid som involverer pasientar og pårørande. Det er om lag 440 tilsette fordelt på om lag 300 årsverk og eit kostnadsbudsjett på 440 millionar kroner.

Vi søker ein direktør som:

  • har god oversikt over fagfeltet
  • kan bidra til å møte samfunnet sine forventingar til satsing på kvinnehelse gjennom forsking, fagutvikling og god pasientbehandling
  • lyttar til dei tilsette, pasientar og pårørande, og bygger openheit og tryggleik
  • evnar å ta tak i utfordringar og moglegheiter med relevante tiltak
  • blir motivert av komplekse oppgåver
  • kombinerer relasjonell leiing med strategisk arbeid og analyse

Hausten 2023 flytta Kvinneklinikken inn i Glasblokkene saman med mellom anna Barne- og ungdomsklinikken
Eit nytt bygg gjer det mogeleg å tenke nytt, slik at vi vidareutviklar vår felles helseteneste. Det blir forventa at du som leiar er ein pådrivar i å vidareutvikle tilbodet i tråd med dette og dei helsepolitiske føringane.

Som klinikkdirektør rapporterer du til administrerande direktør Eivind Hansen, og du blir del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.

 

Arbeidsoppgåver

  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering 
  • Vere ein aktiv bidragsytar for å legge til rette for vår felles helseteneste 
  • Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt 
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet 
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønske om kontinuerleg å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål 

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning på masternivå 
  • God og relevant leiarerfaring med leiing av mål- og strategiarbeid
  • Leiarutdanning/-kurs 
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar 
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar 
  • Erfaring frå leiing av forskingsdriven utvikling og innovasjon
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular  

Personlege eigenskapar

  • Inspirerande, involverande og handlekraftig
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne 
  • Resultat, økonomi- og organisasjonsforståing 
  • Strukturert og planmessig i arbeidet 
  • Robust med evne til å være tydeleg og synleg  
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla 
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft  

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Tove Huse Bjerkevoll
Tittel: Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon: +47 48073834
E-post: tove.huse.bjerkevoll@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haukeland universitetssjukehus HF
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Søk på stillingen