Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Onkologi - eit spanande fagfelt i rivande utvikling!
Vil du vere med å bygge vidare på det beste laget?

Vi søker overlegar innen onkologi i Ålesund. LIS-stilling kan bli ledig ved evt interne omrokkeringar. Ledig fra omgåande, men startdato kan avtalast. 

Det onkologiske tilbodet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a:

  • Sengepost, stråleterapieining, lindrande team og poliklinikk i Ålesund. Sengeposten har fylkesfunksjon og åpnar i desse dagar også eigen dagpost
  • Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
  • I tillegg har vi spesialisert rehabilitering, hud og revmatologi som ein del av vår klinikk

Onkologi er eit svært spanande og variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar og teknikkar er i stadig utvikling. Onkologiske legar i vår seksjon er i dag delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/malignt melanom; brystkreft/thyroidea og stråleterapi.
Onkologi gjer rike moglegheiter for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåver knytta til sengepostdrift, polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapi
  • Delta i videreutvikling, samt nyskaping av tilbodet i seksjonen vår
  • Deltaking i kliniske studier
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Noreg
  • Godkjent spesialitet innan onkologi er ein fordel
  • Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar
  • Du er innovativ og nyskapande
  • Du deler gjerne kunnskap med andre

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og har evne til å leie team
  • Du trives i eit aktivt, framoverlent og hektisk miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjonsevner

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Eit framoverlent fagmiljø som er opptatt av å vere i front med nye behandlingsteknikkar
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Nils Eivind Skottner
Tittel: 70106939
Telefon: +47 70106939
E-post: Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund