Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Spesialisert habilitering Sunnmøre søkjer etter lege i 100 % stilling, med spesialisering innan allmennmedisin, psykiatri, nevrologi eller fysikalskmedisin.
Søkjar vil samarbeide tett med overlegen vår, som pr. i dag går i 100 % stilling. Det ligg det ikkje vaktoppgåver til stillinga og arbeidstida er frå kl. 08:00 – 16.00, med fleksitidsordning.

Dersom det er ønskeleg er det høve til å delta i vaktordning på avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre. 

Spesialisert habilitering Sunnmøre er organisert som eigen seksjon i avdeling for sjukehuspsykiatri saman med Akutt psykisk helse, lokal sikkerheitspsykiatri, utgreinig og behandling psykisk helse og Alderspsykiatri
Seksjonen gir tilbod til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert.
Arbeidet er variert, utfordrande og spanande og du får tid til å arbeide systematisk med samansette problemstillingar.
Vi legg opp til at du, saman med vår overlege, kan knytte deg til kollegaer innan habilitering i regionen og nasjonalt og det er gode samarbeidsforhold i helseføretaket mellom ulike spesialistar innan psykiatri, nevrologi og fysikalskmedisin. Det vil vere rom for vidareutvikling,  fagleg fordjuping og høve til forskning/prosjektarbeid retta mot målgruppa.

 
Vi har eit godt tverrfagleg miljø, med faggruppene lege, psykolog spesialist, vernepleiar, fysioterapeut, barnevernspedagog, sosionom, spesialpedagog og sekretær.
Alle tilsette har relevant vidareutdanning eller spesialisering. Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant, tilpassa pasienten sine behov.

Vi er lokalisert på Ålesund Sykehus, 15 min frå Ålesund lufthamn, Vigra.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene for lege vil vere medisinsk vurdering, utgreiing og diagnostikk samt medisinsk oppfølging av pasientar med blant anna nevropsykiatriske, nevromuskulære, nevromotoriske og genetiske tilstandar
  • Arbeidet foregår i tverrfaglege team
  • Lege vil og ha rådgjevande funksjon til medisinskfaglege problemstillingar knytt til pasientar, pårørande og primærhelsetenesta

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter lege med relevant spesialisering
  • Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk, både skriftlig og munnleg
  • Må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Evne til sjølvstendig planlegging og gjennomføring av arbeidet
  • Du har gode evner til tverrfagleg sammarbedeide og samhandleing med kollegaer og sammarbeidspartar.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Varierande og utfordrande arbeidsoppgaver
  • Rom til fagleg fordypning
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Anne Jensen
Tittel: Seksjonsleder
Telefon: +47 48090563
Hjemmeside
Arbeidssted
Spesialisert habilitering Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen