Kort om arbeidsgiver
Sveio er ein kommune med vel 5.700 innbyggarar og ligg heilt sør i Vestland fylke. Sveio er ein naturskjønn kommune med gode moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske. Sveio kommune er ein del av både Haugalandsregionen og Sunnhordlandsregionen, og ligg sentralt mellom to bysentra Haugesund (15 min. køyring frå Sveio sentrum) og Leirvik (30 min. køyring frå Sveio sentrum).
Førde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 2.200 listepasientar fordelt på 3 fastlegar, 2 kommunalt tilsette fastlegar og 1 fastlege i sjølvstendig næringsverksemd.
Då ein av dei kommunalt tilsette legane skal slutta, har me ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste på 800 pasientar. I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 1 dag i veka. Stillinga er avløna med fast løn + provisjonsavtale. Oppstart etter avtale.
Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 3-4 vakter i månaden).
Om det er interesse for å inngå i kontorfellesskap som sjølvstendig næringsdrivande med avtaleheimel, så er det mogleg å ta kontakt for å diskutera ein slik løysing med gunstige betingelsar.
Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP. Evt. tildeling av heimel og overdraging av praksis skjer iht. rammeavtale ASA 4310.