Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Divisjon psykisk helsevern har ledige stillingar for lege i spesialisering i vaksenpsykiatri eller for legar i behov av sideutdanning. 

Har du lyst å jobbe på ein kjekk arbeidsplass med gode kollegaer og i eit spennande fagfelt?

Grunna konstituering og permisjon lyser vi nå ut etter ein 100% fast stilling og eit 6 måndars vikariat i 100% stilling. Allmennlegar som er i behov av sjukehusår oppfordrast også til å søke. Oppstartsdato på stillingane er 01.03.2024, eller etter avtale. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er eit av fem lokale helseføretak som er eigd av det regionale føretaket Helse Vest RHF. Det er over 13000 tilsette fordelt på 9600 årsverk. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, forsking, undervising og pasientopplæring. Vi har pasienttilbod innan somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.

Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både born og vaksne er ein del av vår målgruppe. Verksemda er lokalisert ein rekke stader i Bergensområdet og inneheld akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar. 

Læringsarenaene for spesialiteten vaksenpsykiatri er ved desse avdelingane:
Sjukehusavdelingar: Psykiatrisk akuttmottak (PAM), stemningslidingar, spesialisert psykosebehandling, spiseforstyrringar, alderspsykiatri, ECT, psykosomatisk medisin, klinikk for sikkerheitspsykiatri.
DPS: Bjørgvin DPS, Kronstad DPS og Øyane DPS. DPSane har både døgn- og dagavdelingar, samt ein rekke polikliniske behandlingstilbod.
Divisjonen har ein stor forskingsavdeling, og det er mogleg å velje forsking som del av utdanninga. Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Spesialistkandidatar kan få heile tenesta dekka gjennom eit felles rotasjonssystem i divisjonen. 

Det er til saman 32 LIS 3 stillingar. Det vises for øvrig til utdanningsplanen for ytterlegare informasjon om utdanningsløpet hos oss. 

Tilsettinga:
Dei som blir tilsett får sitt tilsettingsforhold på divisjonsnivå, og vil rotere mellom ulike avdelingar. Vaksenpsykiatri har ei rotasjonsordning, der ein legg til rette for flytting mellom læringsarenaer, slik at kandidatane kan få oppfylt sine læringsmål etter ønske og så raskt som mogleg.

For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggast ved søknaden. Det er vidare krav om politiattest ved tilsetting, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7.

Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar på spesialistnivå - sjukehus/DPS
  • Forvakt i 24-delt vaktordning, som er knytt til Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
  • Vi legg til rette for at LIS 3 får ta del i undervisning, kurs og rettleiing slik spesialiseringsreglane i psykiatri krev
  • Kandidatar i sideutdanning vil få moglegheit til å følge kurs som er nødvendige for eigen spesialitet

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-3 stilling i psykiatri
  • Vi ønsker oss legar med særleg interesse for psykiatri
  • Du har god fagleg vurderingsevne
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan psykiatri og/eller forsking
  • Den som søker må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vi vil legge vekt på kandidaten sin motivasjon og at vedkommande er personleg eigna til å arbeide innanfor psykisk helsevern
  • Du har evne til å møte menneske i krise profesjonelt og empatisk, også dei med utfordrande åtferd
  • Dei som blir tilsette har eit tydeleg engasjement for fagfeltet og evner å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
  • Som person tåler du å stå i krevande situasjonar over tid
  • Du er god på å jobbe i tverrfaglege team og har vist vilje og evne til samarbeid i tidlegare arbeidsforhold
  • Du har evne til å arbeide strukturert og målretta og har høg arbeidskapasitet
  • Du har oversikt, og evner å prioritere riktig når det er travelt og mange oppgåver samtidig

Vi tilbyr

  • Ei tilrettelagt spesialistutdanning, der utdanning blir prioritert
  • Du blir ein del av ei stor og engasjert LIS-gruppe med godt fag- og arbeidsmiljø
  • Rotasjonsordning som sikrar at den einskilde kandidat får allsidig erfaring frå alle relevante tenesteområde innan spesialiteten psykiatri
  • Moglegheit for å forske som ein del av spesialistutdanninga
  • Lønn iht til gjeldande overeinskomst 

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å leggj til rette for inkluderande rekruttering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingrid Andersen Moe
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 92610704
E-post: ingrid.andersen.moe@helse-bergen.no
Navn: Kristin Bovim
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 98262955
E-post: kristin.jordheim.bovim@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen