Kort om arbeidsgiver
Legepraksisen ved Samnanger legekontor er veldrevet og innarbeida i eit triveleg helsesenter. Helsesenteret er samlokalisert med fysioterapeut, ergoterapeut, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor.
På legekontoret vil du jobbe med 3 erfarne fastlegar og 3 erfarne helsepersonell, der ein er sjukepleiar og to er helsesekretærar. Helsesenteret har eit velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timers BT-apparat og doppler. Ein nyttar journalsystemet Infodoc Plenario.
Heimelen vert pr i dag drifta av legevikar.
Samnanger kommune er ein triveleg kommune med ca 2 500 innbyggarar.
Kommunen søker etter ny fastlege ved Samnanger helsetun. Helsetunet ligg ca 40 minuttar køfri køyring frå Bergen.
Fastlegeheimelen har pr i dag ei listelengde på ca 750 pasientar (max listetak 800). Fastlegestillinga utgjer 80 %. Til heimelen høyrer også ein 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen. Sjukeheimen ligg 100 m frå legesenteret.
Kommunen kan tilby god fastlønn eller næringsavtale om ønskeleg.
ARBEIDSOPPGÅVER
- Allmennlegeoppgåver i hht fastlegeforskriften
- Heimelen har ein listelengde på ca 750 pasientar (listetak 800).
- Dagvakt på legekontoret ordinære kvardagar 08.00-16-00 fordelast mellom dei 4 legane
- Interkommunal legevakt utanom kontoret si ordinære opningstid, lokalisert i Moberg
- I utgangspunktet 4 kurative dager som fastlege
- Til heimelen følgjer 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen
Litt om legevakt:
Samnanger kommune har interkommunalt vaktsamarbeid med Bjørnafjorden kommune på kveld/natt og i helg. Legevaktstasjonen er lokalisert i moderne lokaler i Moberg, Os, og vaktane vert fordelt mellom legane i Samnanger og Os. Det er pr i dag låg vaktbelastning, med høve til fleire vakter om ein ønsker.
Legevakt på dagtid, kvardager 08.00-16.00, vert delt mellom dei 4 legane ved Samnanger legekontor. Dagvakt vert lønna med timesats i tillegg til næringsinntekt eller fast lønn. Samnanger kommune har ein 24-7-bemanna First Responder-bil som bistår legen ved utrykning på dagtid.
KVALIFIKASJONAR
Krav
- Lege med norsk autorisasjon
- Rett til trygderefusjon i Norge
- Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Generelle datakunnskaper
- Førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Det vert krevd politiattest, jf. helsepersonellova, ved tilsetting.
Ønskjer
- Spesialistgodkjenning i allmennmedisin
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
- Gode evner til samarbeid med kolleger, pasientar og pårørande
- Evne til å omstilla seg etter skiftande problemstillingar og arbeidstempo
- Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
ME TILBYR
- Totalt inntil 100 % stilling med fast lønn
- Timelønn for dagvakt jfr Særavtalen § 6.4.
- Dekning av utgifter utover refusjonar frå utdanningsfond II til inntil 2 emnekurs pr år
- Moglegheit for heimekontor
- Til heimelen høyrer ein 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen. (Sjukeheimen ligg 100 m frå legekontoret)
- Triveleg arbeidsmiljø og dyktige kolleger på legekontoret
- Kommunen er registrert utdanningsverksemd og kan inngå ALIS-avtale med søkjar om ønskeleg
- Næringsdrift kan diskuterast om ønskeleg
3 fastlegar har pr i dag 8.2-avtale der kommunen står for den totale drifta av legekontoret. Ved næringsdrift har legane ingen utgifter til driften av kontoret. Legane beheld næringsinntekten uavkorta. Kommunen beheld basistilskotet. Legane får mellom anna praksiskompensasjon for kommunal bistilling (jfr Særavtalen SFS2305) og god timelønn for dagvakt.