Ønsker du ei spennande spesialisering der medisinsk utvikling og teknologi er i fokus? Då kan dette vere stilling for deg.
Patologiavdelinga er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Vi utfører eit stort spekter av diagnostikk, med bruk av analysar frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analysar, samt obduksjonar. Vi er langt framme i digitalisering, og nyttar digital patologi der mesteparten av gransking vert no gjort på skjerm i staden for i mikroskop. Med digital patologi samhandlar vi også med resten av fagmiljøet i Helse Vest. Vi startar no opp med ny diagnostikk for persontilpassa medisin. Neste generasjons sekvensering (NGS) analyserer arvestoffet til kreftcellene for å avdekke molekylære endringar med konsekvens for behandling.
Som medarbeidar hos oss, vert du del av eit godt fagmiljø med varierte arbeidsdagar. Våre LIS-legar jobbar i tett samarbeid med våre overlegar, og resten av avdelinga for å sikre presis diagnostikk og tilpassa behandling for pasientane. Arbeidstid er dagtid, som gir tilrettelegging for god work-life balanse. Avdelinga har for tida seks overlegestillingar og to stillingar som lege i spesialisering.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kysten og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekk seg frå kunst til konsertar.
Vi søkjer ein ansvarsbevisst person med interesse for patologifaget som har evne til å arbeide godt i team, tileigne seg kunnskap og arbeider nøyaktig og effektivt. Stillinga legg opp til eit utdanningsløp med hoveddel av LIS-utdanning ved Førde sentralsjukehus og tilleggsutdanning på Haukeland universitetssjukehus.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.