Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ved Sogndal Legesenter er det ledig fastlegeheimel frå 15/10-23, evt. oppstart etter avtale. Noverande listelenge på 850 pasientar men anna listelengde kan avtalast. 
 
Sogndal legesenter 
Legesenteret har 12 fastlegar i alderen 32 til 50 år, 6 spesialistar og 6 i spesialisering, samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniørar. Svært godt fagleg og sosialt miljø. 
 
Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering. Me tilbyr fast rettleiar, hjelper med utdanningsplan, legg til rette for oppnåing av læringsmål og gir kompensasjon for fråvær for utdanning. 
 
Kommunen eig og driv legesenteret. Legane er sjølvstendig næringsdrivande med forsterka 8-2-avtale. 
 
Legevakta er for tida 15-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter. Me har legevaktbil og godt samarbeid med lokal ambulanse. 
 
Legesenteret er samlokalisert med mellom anna sjukeheim med ØHD, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste. 
 
Arbeidsoppgåver: 
Allmennmedisinske oppgåver som fastlege. 
 
Kvalifikasjonar: 
Norsk autorisasjon som lege. 
Gjennomført LIS1 
Førarkort klasse B 
 
Personlege eigenskapar: 
Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg. 
Gode evner til kommunikasjon og samhandling. 
Gode evner til å arbeide sjølvstendig og strukturert. 
Høg arbeidskapasitet. 
  
Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Kontaktperson
Navn: Jan Ove Tryti
Tittel: Tenesteleiar
E-post: jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no
Arbeidssted
Sogndal legesenter
Skulevegen
6856 SOGNDAL
Søk på stillingen